LOV OM ARV

3. mars Nr. 5. 1972

Gjeldende til 1. januar 2021

Første del. Arv etter loven og rett til å sitje i uskift bo.

Kapittel I. Arv på grunnlag av slektskap.

§ 1. Næraste slektsarvingar er avkomet (livsarvingane) til arvelataren.

Barna til arvelataren arvar likt dersom ikkje anna går fram av særskilde lovreglar. Er eit barn død, går arvelotten til livsarvingane etter barnet, med lik part på kvar grein.

Dersom arvelataren også etterlet seg ektemake, gjeld reglane i kapittel II og III.

§ 2. Har arvelataren ikkje livsarving, går arven til foreldra hans.

Foreldre arvar likt. Er far eller mor død, går arvelotten til hans eller hennar livsarvingar, med lik part på kvar grein.

Er ein av foreldra død, og er det ikkje livsarving etter han, går heile arven til den andre av foreldra eller til hans eller hennar livsarvingar. Døyr arvelataren før fylte 18 år, går likevel halve arven til besteforeldra på den døde fars eller mors side eller til deira livsarvingar i samsvar med § 3, dersom foreldra ikkje var gifte med kvarandre då den første døydde eller det låg føre omstende som nemnt i § 8. Er det heller ingen slike arvingar i live, gjeld reglane i første punktum.

Dersom arvelataren også etterlet seg ektemake, gjeld reglane i kapittel II og III.

§ 3. Har arvelataren ikkje livsarving eller ektemake, og lever ikkje far eller mor, eller livsarving etter far eller mor, går arven til besteforeldra hans eller til livsarvingar etter dei, slik at reglane i § 2 andre ledd gjeld tilsvarande. Fjernare slektningar enn barnebarn til besteforeldre har likevel ikkje arverett etter loven.

Er ein av besteforeldra død utan barn eller barnebarn i live, går arvelotten hans til den andre av besteforeldra på same side eller til barn eller barnebarn til denne. Er det ikkje arvingar på den eine sida, går heile arven til arvingane på den andre sida.

§ 4. Barn arvar og blir arva av faren og farsslekta etter §§ 1-3 når farskapen er fastsett etter reglane i barnelova. Det same gjeld når farskap fastsett i utlandet blir lagt til grunn i Norge etter barnelova § 85. Fjernare slektskap gjennom menn gir grunnlag for arverett etter tilsvarende reglar.

Faren og farsslekta tar ikkje arv etter barnet dersom det er avla med ei handling som er brotsverk mot noka føresegn i straffelovas §§ 192-196 og § 199 og som faren er dømd til fengselsstraff for utan vilkår. Dette gjeld likevel ikkje arvelott som i verdi svarar til arv eller gåve barnet har fått frå faren eller nokon i farsslekta.

Endra med lover 8 april 1981 nr. 7, 11 aug 2000 nr. 76, 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 5. (Opphevd med lov 28 feb 1986 nr. 8.)

Kapittel II. Arv på grunnlag av ekteskap.

§ 6. Ektemaken har rett til fjerdeparten av arven når det er livsarvinger etter arvelateren. Minstearven skal likevel tilsvare 4 ganger grunnbeløpet i folketrygda ved dødsfallet. Er dei næraste slektsarvingane til arvelateren foreldra hans eller avkom etter desse, har ektemaken rett til halvparten av arven, likevel minst 6 ganger grunnbeløpet i folketrygda ved dødsfallet.

Er det ikkje arvingar som nemnt i første ledd, arvar ektemaken alt.

I høve til arvingar som nemnt i første ledd har ektemaken rett til uskifte etter reglane i kap. III.

Har ektemaken nytta denne retten, blir det ikkje rekna med arv frå førstavdøde til lengstlevande ektemake etter første ledd dersom buet først blir skift med dei andre arvingane til arvelataren etter at lengstlevande ektemake er død.

Endra med lov 22 juni 1990 nr. 40.

§ 7. Ektemakens rettar etter § 6, jfr. kap. III, kan berre avgrensast ved testament som han har fått kunnskap om før arvelatarens død. Vilkåret om at ektemaken må ha fått kunnskap om testamentet, gjeld likevel ikkje, dersom det var umogeleg eller det etter tilhøva ville være urimeleg vanskeleg å varsle han. Ektemaken sin rett til minstearv på 4 eller 6 ganger grunnbeløpet i folketrygda kan likevel ikkje avgrensast.

Endra med lov 22 juni 1990 nr. 40 (i kraft 1 jan 1991 med verknad også for testament som er gjort før ikraftsetjinga).

§ 8. Rettane etter § 6 jfr. kap. III, kan ikkje gjerast gjeldande dersom ektemakane var separerte ved dom eller løyve på den tid arvelataren døydde.

Endra med lov 4 juli 1991 nr. 47.

Kapittel III. Uskifte.


§ 9. Når den eine ektemaken døyr, har attlevande ektemake rett til å ta over felleseiga uskift med førstavdødes andre arvingar etter loven.

Tilsvarende rett har attlevande ektemake med omsyn til særeige dersom det er fastsett i ektepakt (jfr lov om ekteskap § 43) eller når arvingane gir samtykke. Nyttar ektemaken denne retten, høyrer også hans eiga særeige til uskiftebuet om ikkje anna er fastsett i ektepakt eller i avtale med arvingane, eller særeiga har grunnlag i påbod av givar eller arvelatar. For arving som er umyndig, må samtykke etter første punktum gis av overformynderiet, som i tilfelle også må samtykkje i avtale med arvingane som nemnd i andre punktum. Er buet til arvingen under konkurshandsaming, kan samtykke etter første punktum her berre gis med samtykke frå tingretten.

Endra med lover 13 juni 1975 nr. 37, 4 juli 1991 nr. 47, 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

§ 10. I høve til særskilt livsarving (særkullbarn eller livsarving til særkullbarn) etter avdød ektemake har attlevande ektemake berre rett til uskifte når den særskilde livsarvingen samtykkjer. Er den særskilde livsarvingen umyndig, krevst det samtykke frå overformynderiet. Overformynderiet bør som regel berre samtykkje når det meiner det vil være til gagn også for den særskilde livsarvingen at attlevande ektemake får rett til uskifte. Er buet til arvingen under konkurshandsaming, kan samtykke etter første punktum her berre gis med samtykke frå tingretten.

Endra med lover 13 juni 1975 nr. 37, 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

§ 11. Har førstavdøde ektemake i testament gitt uttrykk for at ein eller fleire av livsarvingane bør ha heilt eller delvis arveoppgjer, kan retten om det blir kravt, fastsetje at buet heilt eller delvis skal skiftast med samsvarande oppgjer til alle arvingar. Ved avgjerda skal det takast omsyn både til arvingane og attlevande ektemake.

Er nokon som ikkje er livsarving tilgodesedd i testament, eller er det der fastsett at andre enn livsarvingar skal ha arveoppgjer, gjeld reglane i §§ 9 og 10 om rett til uskifte berre så langt det høver med testamentet.

Endra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

§ 12. Om ein eller fleire arvingar straks kan krevje arv, fører ikkje det til at attlevande ektemake mister retten til uskifte i høve til andre arvingar.

§ 13. Attlevande ektemake har ikkje rett til uskifte dersom det blir gjort sannsynleg at utsikta til dekning for den som hadde krav på avdøde, eller arveutsiktene for arvingane til førstavdøde, vil bli vesentleg ringare på grunn av skyldnadene til attlevande ektemake. Det same gjeld når ektemaken på ein måte han kan klandrast for, har påført eller utsett seg sjølv eller andre for vesentleg formuestap og retten finn at ein ikkje kan rekna med at han vil styre buet på forsvarleg måte.

Ektemake som er umyndiggjord, har ikkje rett til uskifte. Så langt det er nødvendig for at ektemaken og heimeverande barn kan få forsvarleg underhald og halde heimen oppe, kan retten likevel med samtykke frå overformynderiet gjere vedtak om at ektemaken skal ta over buet eller ein del av det uskift.

Ein mindreårig ektemake har berre rett til uskifte når overformynderiet samtykkjer.

Endra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

§ 14. Attlevande ektemake som vil nytte retten til uskifte, skal innen 60 dager etter dødsfallet, jfr. skifteloven § 81, sende melding til tingretten med opplysning om namn og alder på arvingane og om oppholdsstaden deira og dessutan ei summarisk oppgåve over eignelottar og gjeld for seg sjølv og for den avdøde ektemaken.

Skal uskiftebuet omfatte særeige som får noko å seie for kva partar kvar skal ha på eit seinare skifte, skal attlevande ektemake og arvingane gjere avtale om verditilhøvet av særeigemidlane, jfr. § 26 annet ledd. Har det ikkje latt seg gjera å få til slik avtale, skal attlevande ektemake i staden la det bli halde registrering og verdsetjing gjennom tingretten. I denne registreringa og verdsetjinga skal det særskilt opplysast kor mykje som har vore felleseigemidlar og kor mykje som har vore særeigemidlar for kvar av ektemakane, og kva gjeld ektemakane svarar for saman og kvar for seg. Reglane i skiftelovens §§ 2 og 13 tredje ledd gjeld tilsvarande.

Endra med lover 22 juni 1990 nr. 40, 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

§ 15. Er ein arving umyndig og attlevande ektemake verja hans, skal retten syte for at det blir oppnemnt setteverje. Setteverje treng likevel ikkje oppnemnast dersom den samla formuen til ektemakane etter rettens skjønn ikkje er større enn at den trengst til å underhalde attlevande ektemake og barna.

Endra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

§ 16. Finn retten at vilkåra for uskifte ligg føre, og skal buet ikkje skiftast offentleg som følgje av delvis uskifte, gir den ektemaken fråsegn om at han har tatt over buet uskift. Skal attlevande ektemake berre ta over noko av buet uskift, må det gå fram av fråsegna.

Er attlevande ektemake eller nokon av arvingane umyndige, skal retten sende overformynderiet på staden der den umyndige bur, slik oppgåve, status eller registrering og verdsetjing som er nemnd i § 14.

Endra med lover 16 juni 1972 nr. 49, 2 des 1994 nr. 63 (i kraft 1 jan 1995), 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

§ 17. Alt som attlevande ektemake blir eigar av, går inn i uskiftebuet. Dette gjeld likevel ikkje slikt som er særeige for attlevande av di det er fastsett i ektepakt mellom ektemakane eller av di det er fastsett av givar eller arvelatar i samsvar med ekteskapslova § 48. Har attlevande tatt over særeige til den avdøde i uskifte etter § 9 andre ledd, gjeld reglane der på tilsvarande måte.

For rettar eller ting som ikkje kan overdragast eller som er personlege på annan måte, gjeld reglane om uskifte berre så langt det samsvarar med dei rettsreglar som gjeld for desse rettane eller tinga. Når eit uskiftebu blir skift, gjeld reglane i ekteskapslova § 61 bokstav d tilsvarande.

Får attlevande ektemake gåve eller arv, går dette ikkje inn i uskiftebuet dersom det blir kravt skifte innan 3 månader etter at ektemaken har tatt mot gåva eller arven.

Endra med lover 25 mai 1973 nr. 26, 4 juli 1991 nr. 47.

§ 18. Attlevande ektemake rår i levande live som ein eigar over alt som høyrer til buet, med dei atterhald som særskilt er fastsette.

I testament kan attlevande rå over ein så stor part av buet som skal gå til hans eigne arvingar når han døyr (jfr. § 26), så langt det ikkje strider mot reglane om pliktdel. Med dei same atterhald kan han i testamentet rå over bestemte eignelottar som ikkje førstavdøde særskilt har ført inn i buet.

§ 19. Attlevande ektemake som sit i uskift bu, må ikkje utan samtykke frå arvingane gi bort fast eigedom, eller gi andre gåver som står i mishøve til formuen i buet.

Har ektemaken gitt slik gåve utan samtykke, kan kvar av arvingane få gåva omstøytt ved dom dersom gåvemottakaren skjøna eller burde ha skjøna at ektemaken ikkje hadde rett til å gi gåva. Søksmål må reisast innan eitt år etter at arvingen fekk kunnskap om gåva.

Blir kravet om omstøyting gjort gjeldande medan buet er under offentleg skifte, kan det avgjerast av tingretten i samsvar med lov om skifte § 11 andre ledd. Kravet må være sendt inn til tingretten innan eitt år etter at arvingen fekk kunnskap om gåva.

Det som framanfor er fastsett om gåver, gjeld og for sal eller anna som inneheld ei gåve.

Endra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

§ 20. Attlevande ektemake blir personleg ansvarleg for skyldnader som kvilte på avdøde ektemake. Han kan utferde proklama etter kapittel 12 i skifteloven.

§ 21. Sit attlevande ektemake i uskift bu, kan han berre gi fullt eller delvis arveoppgjer til ein eller fleire av arvingane når alle arvingane får like stor del av arvelottane sine eller har gitt samtykke. For umyndige arvingar må overformynderiet samtykkje.

Er det gitt nokon arving fullt eller delvis arveoppgjer utan at reglane i første ledd er følgde, kan kvar av dei andre arvingane krevje tilsvarande oppgjer. Er ektemaken ikkje villig til å gi slikt oppgjer, kan arvingane krevje at buet skal skiftast.

Har ein arving fått særoppgjer som ikkje er endeleg arveoppgjer, skal det ved seinare skifte gjerast frådrag i arvelotten hans etter reglane i §§ 39-42 om avkorting i arv så langt dei høver.

§ 22. Arvingane til førstavdøde tar berre arv i eit uskift bu dersom dei overlever lengstlevande ektemake, eller dei lever når offentleg skifte blir kravt eller privat skifte blir sett i verk, eller når buet elles skal skiftast. Trengst det for rett til uskifte samtykke frå arvingane eller om dei er umyndige frå overformynderiet, tar desse likevel arv utan omsyn til om dei lever på den tid som er nemnd. Arven skal fordelast mellom arvingane til førstavdøde etter arvetilhøva på den tid som etter reglane ovanfor er avgjerande for om dei har arverett.

Har attlevande ektemake sete i uskifte med arvingane til førstavdøde i ei arvegangsklasse som seinare er utdøydd, går arven ikkje vidare til ei fjernare arvegangsklasse.

Den retten ein arving har i eit uskift bu, går ikkje inn i den felleseiga han måtte ha med ektemaken sin, før han sjølv har fått arven etter reglane i første ledds første punktum. Sjølv om retten til uskifte kviler på samtykke frå arvingen, jfr. første ledds andre punktum, får ektemaken hans ikkje nokon større rett til arven med mindre felleseiga blir oppløyst fordi arvingen døyr.

Kravshavarane til ein arving kan ikkje ta utlegg i den retten arvingen har i eit uskift bu, og retten går ikkje inn i konkursbuet til arvingen, før arvingen sjølv har fått arven etter reglane i første ledds første punktum. Dette gjeld sjølv om uskifte kviler på samtykke frå arvingen.

§ 23. Retten til uskifte fell bort når attlevande ektemake gifter seg.

Det same gjeld når attlevande ektemake blir umyndiggjort, likevel slik at føresegna i § 13 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.

§ 24. Attlevande ektemake kan når som helst krevje heilt eller delvis skifte av buet med samsvarande oppgjer til alle arvingar.

Ein arving kan krevje skifte av buet når attlevande ektemake forsømer oppfostringsplikta si mot han eller fer misleg åt så buet minskar unødig eller blir utsett for vesentleg minking. Ein arving kan òg krevje skifte av buet når den attlevande ektemaken inngår sambuarskap (jf. § 28 a) og sambuarskapet har vart i meir enn to år, eller sambuarane har, har hatt eller ventar barn saman.

Har attlevande ektemake overtatt buet uskift med førstavdødes særskilde livsarvingar som er umyndige, kan desse krevje skifte for seg sjølve når dei er blitt myndige. Døyr ein umyndig særskild livsarving, plikter ektemaken å skifte med livsarvingene hans dersom dei ikkje samtykkjer i at uskiftet held fram. Paragraf 10 andre og tredje punktum gjeld tilsvarende. Om ein særskilt livsarving kan krevje arveoppgjer etter desse føresegnene, fører ikkje det til at attlevande ektemake mister retten til å sitje i uskifte med resten av buet.

For umyndig ektemake eller umyndig arving er det verja som med samtykke frå overformynderiet reiser krav om skifte.

§ 25. Kravshavarane til ein arving har ikkje rett til å krevje at buet skal skiftast.

§ 26. Ved skifte mellom arvingane til førstavdøde og arvingane til lengstlevande skal uskiftebuet delast likt mellom kvar arving-gruppe når ikkje anna er fastsett. Blir buet skift medan lengstlevande ektemake lever, har lengstlevande rett til arv etter § 6 i tillegg til sin eigen part.

Har lengstlevande overtatt særeige i uskift bu med grunnlag i ektepakt, skal skifte gå for seg på grunnlag av verditilhøvet av særeigemidlane til ektemakane på den tid då uskiftet tok til, om ikkje anna følgjer av ektepakta. Er det i slike tilfelle felleseige og, skal tilhøvet mellom verdien av særeigemidlane til ektemakane med tillegg av den halvpart kvar av dei skal ha av felleseiga leggjast til grunn for skiftet. Har lengstlevande tatt over særeige i uskift bu med samtykke frå arvingane, skal det skiftast på denne måten om ikkje anna er avtalt.

Er det gjennomført delvis arveoppgjør etter førstavdøde ektemake, skal det takast omsyn til det ved utrekninga av det partshøvet som blir lagt til grunn for skiftet.

Er det korkje slektsarving eller testamentsarving etter lengstlevande, går heile buet til arvingane etter førstavdøde, slik at mogelege arvingar etter §§ 2 eller 3 blir medrekna.

§ 27. Er uskiftebuet minka vesentleg av di attlevande ektemake har vanstyrt sine økonomiske saker, misbrukt retten til å rå over uskiftebuet eller bore seg misleg åt på anna vis, kan arvingane krevja vederlag av buet slik det er etter at kreditorane har fått sitt. Rekk ikkje buet til, kan arvingane for resten av det parten deira har minka med, krevje vederlag av særformue som ektemaken kan ha, og som ikkje trengst til dekning av gjeld.

Minkar uskiftebuet av di attlevande ektemake brukar uskiftemidlar til å auke formuen sin utanfor buet, eller til å vinne rettar eller ting som etter sitt slag er unntatt frå skifte, får arvingane krav på vederlag etter reglane i første ledd. Har ektemaken hatt utgifter til å skaffe seg pensjon eller livrente, kan arvingane likevel berre krevje vederlag for desse utgiftene så langt dette er rimeleg etter ektemakanes kår og etter omstenda elles.

Blir det ved skiftet ikkje nok til vederlag etter første og andre ledd, kan det seinare ikkje gjerast krav på resten.

§ 28. Alt som attlevande ektemake rår over, høyrer med til uskiftebuet når det skal skiftast, med mindre det blir godtgjort at midlane er formue som tilhøyrer attlevande utanom buet.


Kapittel III A. Rett til arv og uskifte på grunnlag av sambuarskap

§ 28 a Med sambuarskap i lova her reknar ein at to personar over 18 år, som korkje er gift, registrert partner eller sambuar med andre, lever saman i eit ekteskapsliknande forhold.

Eit sambuarskap kan liggje føre jamvel om partane for ei tid bur frå kvarandre på grunn av utdanning, arbeid, sjukdom, opphald på institusjon eller andre liknande omstende. Ein reknar det ikkje som sambuarskap når to personar som etter ekteskapslova § 3 ikkje kan inngå ekteskap, lever saman.

Ein sambuar er etter denne lova kvar ein som lever i sambuarskap etter første, jf. andre ledd.

§ 28 b Den som var sambuar med den avdøde ved dødsfallet og har, har hatt eller ventar barn med den avdøde, har rett til arv svarande til 4 gonger grunnbeløpet i folketrygda ved dødsfallet, jamvel om det er livsarvingar etter arvelataren. Same retten til arv utan omsyn til livsarvingar har også den som har vore sambuar med den avdøde i minst dei siste fem åra før dødsfallet, dersom den avdøde har fastsett det i testament.

Sambuaren sin rett til arv etter første ledd første punktum kan berre avgrensast ved testament som han eller ho har fått kunnskap om før arvelataren døydde. Vilkåret om at den attlevande sambuaren må ha fått kunnskap om testamentet, gjeld likevel ikkje dersom det var umogeleg eller det etter tilhøva ville vere urimeleg vanskeleg å varsle han eller henne.

Nyttar ein sambuar retten til uskifte etter § 28 c, skal det berre reknast med arv frå den førstavdøde til den lengstlevande sambuaren etter første ledd dersom uskiftebuet blir skift med dei andre arvingane til den førstavdøde medan den lengstlevande sambuaren lever.

§ 28 c Den som var sambuar med den avdøde ved dødsfallet, og som har, har hatt eller ventar barn med den avdøde, har rett til å ta over følgjande eigedelar som den avdøde åtte, uskift med den avdøde sine andre arvingar etter lova

a) felles bustad og innbu,

b) bil og fritidseigedom med innbu som tente til felles bruk for sambuarane.

Den attlevande kan på same vis ta over også andre eigedelar uskift enn dei som er nemnde i første punktum, dersom det er fastsett i testament eller arvingane samtykkjer.

Har den avdøde særskilt livsarving, gjeld § 10 tilsvarande for uskifterett etter første ledd. Den attlevande kan ikkje ta over eigedelar uskift etter første ledd dersom han eller ho allereie sit i uskift bu etter ein tidlegare sambuar eller ektemake. Dersom den avdøde sat i uskift bu etter ein tidlegare sambuar eller ektemake, kan den attlevande heller ikkje ta over eigedelar frå det første uskiftebuet før dette buet er skift.

Sambuaren sin rett til å sitte i uskifte kan berre avgrensast ved testament som han eller ho har fått kunnskap om før arvelataren døydde. Vilkåret om at den attlevande sambuaren må ha fått kunnskap om testamentet, gjeld likevel ikkje dersom det var umogeleg eller det etter tilhøva ville vere urimeleg vanskeleg å varsle han eller henne.

Alt den attlevande sambuaren er eller blir eigar av som høyrer naturleg saman med dei eigedelane han eller ho har tatt over uskift, går inn i uskiftebuet.

§ 28 d Den attlevande sambuaren som tar over eigedelar uskift etter § 28 c, blir personleg ansvarleg for skyldnader som kvilte på den avdøde. Han eller ho kan utferde proklama etter kapittel 12 i skiftelova.

§ 28 e Ved skifte mellom arvingane til den førstavdøde og den lengstlevande eller arvingane til den lengstlevande skal uskiftebuet delast i høve til verdien av kvar av sambuarane sine eigedelar i uskiftebuet på den tida då uskiftet tok til. Blir buet skift medan den lengstlevande sambuaren lever, har den lengstlevande sambuaren rett til arv etter § 28 b i tillegg til sin eigen part. Skiftelova kapittel 10 gjeld tilsvarande, med unntak av § 63 andre og tredje ledd.

§ 28 f Reglane i kapittel III gjeld så langt dei høver for uskifte på grunnlag av sambuarskap. Der det er gitt særlege reglar for ektepar med særeige, gjeld reglane for særeige.

§ 28 g Ein attlevande sambuar som vil nytte retten til uskifte, skal innan 60 dagar etter dødsfallet, jf. skiftelova § 81, sende melding til tingretten med opplysing om namn og alder på arvingane og om opphaldsstaden deira og dessutan ei summarisk oppgåve over eigedelar og gjeld for seg sjølv og for den avdøde sambuaren. Den attlevande sambuaren og arvingane kan gjere avtale om verditilhøvet av eigedelane i uskiftebuet etter den avdøde og den attlevande, jf. § 28 e første punktum, som skal leggjast ved meldinga til tingretten. Har det ikkje late seg gjera å få til ein slik avtale, skal den attlevande sambuaren i staden la det bli halde registrering og verdsetjing gjennom tingretten. § 14 andre ledd tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande.

Retten skal skrive ut uskifteattest i samsvar med skiftelova § 89.

Ein sambuar som har rett til å overta eigedelar uskift, kan krevje dei opplysingane som er nødvendige for å vurdere den økonomiske stillinga til den avdøde. For dette formålet kan ein sambuar krevje at likningsstyremaktene gir opplysingar om eller kopi av sjølvmelding og likning for den andre sambuaren. Ein sambuar kan også krevje opplysingar av selskap, føretak eller andre institusjonar som driv finansieringsverksemd eller forsikringsverksemd, og av andre som har midlar til forvalting. Kongen kan gi forskrifter til utfylling av denne paragrafen.


Kapittel IV. Pliktdel.


§ 29. To tredjepartar av formuen til arvelataren er pliktdelsarv for livsarvingane. Men pliktdelsarven er aldri større enn 1.000.000 kroner til kvart av barna til arvelataren eller til kvart barns linje, likevel såleis at grensa for ein fjernare livsarving er minst 200.000 kroner til kvar einskild.

Arvelataren kan ikkje i testament rå over pliktdelsarv med mindre det er særleg heimel for det.

Endra med lov 7 juni 1985 nr. 52.

§ 30. Arvelataren kan i testament gi ein livsarving rett til å få arven sin utlagd i nærare fastsette eignelottar.

§ 31. Arvelataren kan i testament fastsetje at også pliktdelsarv etter han skal være særeige for arvingen.

§ 32. Arvelataren kan i særlege tilfelle, og når omsynet til arvingen taler for det, i testament fastsetje innskrenking av retten til å rå over pliktdelsarv.

Etter slikt testament skal arven heilt eller delvis styrast som midler som tilhøyrer umyndig eller på annan måte som gir god nok trygd og avkasting. Arven blir utbetalt til den tid arvelataren har fastsett, likevel aldri seinare enn når arvingen er død. Avkastinga skal arvingen få etter kvart. Arvingens råderett og kravshavaranes dekningsrett skal vere avgrensa som nemnt i lov om fordringshavarens dekningsrett § 3-2, om ikkje anna er fastsett i testament; er råderetten ikkje avgrensa som nemnt i § 3-2, er kravshavaranes dekningsrett berre avgrensa etter § 3-1. Dersom arven skal styrast av overformynderi som midlar som tilhøyrer umyndige, kan det fastsetjast at tillitsmann ikkje skal oppnemnas.

I staden for eller ved sida av påbod som nemnt i første leden kan arvelataren i testament fastsetje at arven heilt eller delvis skal nyttast til å kjøpe livrente til arvingen.

Påbod frå arvelataren kan brigdast eller opphevast etter reglane i lov om stiftelser. Er det oppnemnt tillitsmann er han målsmann for arvelataren i sak om omdanning.

Er berre ein del av arven til ein arving pliktdelsarv, gjeld reglane i andre til fjerde leden likevel heile arven, om ikkje anna er fastsett i testament.

Endra med lover 8 juni 1984 nr. 60 (sjå III nr. 11 i den lova), 24 juni 1988 nr. 65.

§ 33. Den som driv næringsverksemd eller som er medeigar for ein vesentleg del av føretak som driv slik verksemd, kan fastsetje i testament at næringa eller hans del av føretaket med all tilhøyrsle skal gå til ein eller fleire av livsarvingane hans. Slikt testament gjeld berre når det er stadfest av Kongen, med mindre alle livsarvingar er myndige og har samtykt i ordninga. Stadfesting kan berre bli gitt når verksemda eller den delen av føretaket som tilhøyrer arvelataren ut frå samfunnsomsyn eller omsyn til dei sams interessene til arvingane bør gå til ein einskild eller nokre av arvingane. Slikt testament hindrar ikkje odelsrett eller åsetesrett.

Det skal fastsetjast i skjønn kva pris som skal betalast for overtaking av verksemda, og om utbetaling til dei andre arvingane skal utsetjast ei fastsett tid. Vert utsetjing fastsett, skal det svarast lovsett rente og arven skal sikrast med skifteutleggspant eller på annan måte. Overtakingssummen og vilkåra elles skal setjast slik at verksemda vil gi rimelege arbeidsvilkår for den som tar over etter at det er tatt omsyn til storleiken av buet og interessene til dei andre lotteigarane.

Endra med lov 7 juni 1985 nr. 52.

§ 34. Arvelataren kan fastsetje i testament at arving som har fylt 18 år, ikkje skal ta pliktdelsarv etter arvelataren, dersom arvingen har gjort seg skyldig til straff for brotsverk mot arvelataren eller mot nokon av slektningane sine i rett opp- eller nedstigande linje eller syskena sine eller avkom etter dei, eller dersom arvingen har late være å hjelpe arvelataren etter evne då arvelataren trong det. Slikt testament gjeld berre når det er stadfest av Kongen.

Blir nokon gjort arvelaus etter reglane framanfor, skal arven gå som om han var død før arven fall.

§ 35. Ei gåve som er meint å skulle oppfyllast etter at givaren er død, er berre gyldig så langt den fell innanfor den delen av formuen som givaren kunne rå over med testament etter §§ 29 og 37. Det same gjeld gåve han har gitt på dødsleiet.

Kapittel V. Forlottsrett for barn i visse høve.


§ 36. Barn av arvelataren som ikkje har fått oppfostringa si fullenda på den tid arvelataren døyr, har krav på ein sum av buet som forlott til å sikre livsopphald og utdanning dersom dette er rimeleg etter tilhøva. Storleiken av summen skal avpassast etter tilhøva. Ved avgjerda skal det m.a. takast omsyn til den arvelotten det uforsytte barnet elles får, om barnet har eigen formue, om barnet er sikra oppfostring på annan måte, og kva utgifter arvelataren har hatt til utdanning av dei andre barna sine. Er det fleire barn utan forsyting, skal kvart barn ha så mykje som er rimelig når det blir tatt omsyn til kva dei treng og til tilhøva elles.

Heimeverande barn som utan rimeleg vederlag har gjort særleg mykje for arvelataren, kan ved arveoppgjeret krevje å få ein sum av buet som forlott dersom dette er rimeleg etter tilhøva. Storleiken av summen skal avpassast etter tilhøva. Ved avgjerda skal det m.a. takast omsyn til den innsats barnet har gjort, dei utsikter det har i arbeidslivet, kor stor arvelott barnet elles vil få og den økonomiske stoda i det heile til barnet og dei andre arvingane.

§ 37. Forlottsretten til barna etter § 36 kan ikkje gjerast mindre med testament. Reglane i § 29 andre ledd og §§ 31-34 gjeld likevel tilsvarande.

Forlottsretten skal oppfyllast i buet før annan arv, men er utan innverknad på dei rettane attlevande ektemake har etter skifteloven. I pliktdelsarv kan forlottsretten berre oppfyllast så langt midlane elles i buet ikkje rekk til.

Kapittel VI. Avkorting i arv og avtale om arv.


§ 38. Har arvelataren gitt ein livsarving ei monaleg gåve utan at dei andre livsarvingane har fått tilsvarande verdiar, skal gåva avkortast i arven til mottakaren som forskot dersom arvelataren har fastsett det eller det blir godtgjort at avkorting vil vere i samsvar med føresetnadene til arvelataren. Det som her er fastsett om gåver, gjeld på same måte for forsikring og utlegg e.l. til føremon for ein livsarving. Utlegg til underhald, sjukehjelp og utdanning blir ikkje rekna som forskot når det berre gjeld oppfylling av den plikt foreldre har til oppfostring av barna.

§ 39. Er det gitt forskot til sams livsarving etter ektemakane av midlar som blir rekna som felleseige når den eine ektemaken er død, skal avkorting gjerast i arven etter førstavdøde når det blir skift medan lengstlevande er i live. Vidare avkorting skal om det er nødvendig gjerast etter at lengstlevande er død.

§ 40. Når det blir gjort avkorting, skal verdien av forskottet då det vart gitt, leggjast til grunn, dersom dette ikkje ville vere openbert urimeleg. Har arvelataren fastsett avkortingssummen skal likevel denne fastsetjinga leggjast til grunn om ikkje summen må reknast for å vere for høg.

§ 41. Er avkortingssummen større enn arvelotten til livsarvingen, blir han likevel ikkje skyldig buet noko, med mindre anna er fastsett då forskottet vart gitt.

§ 42. Døyr ein livsarving som hadde måtta tole avkorting før arvefallet, skal avkorting gjerast andsynes livsarvingane hans.

§ 43. Når ikkje anna er avtalt, har ikkje avkorting etter reglane i §§ 38-42 noko å seie for den rett attlevande ektemake har til part av buet og for retten til arvelataren til å rå over arven med testament.

§ 44. Ingen må avhende eller pantsetje arv han ventar. Det same gjeld den rett ein arving har i eit uskift bu.

§ 45. Ein arving kan gi arvelataren avkall på arv som arvingen ventar, eller på ein del av den. Når ikkje anna er avtalt, bind avkall på arv også livsarvingane til arvingen, med mindre avkallet er gitt av livsarvingen til arvelataren utan rimeleg vederlag.

Er arvingen umyndig, kan avkall berre gis når overformynderiet samtykkjer i det.

Avkall på arv kan og gis andsynes attlevande ektemake som sit i uskift bu.

Kapittel VII. Statens arverett.


§ 46. Har arvelataren ikkje slektningar eller ektemake som arvar han, og har han ikkje gjort testament om arven, går arven til staten.

§ 47. Departementet kan ta avgjerd om sal av fast eigedom og lausøyre som staten får i arv. I særlege høve kan departementet gi avkall på arv til staten til føremon for slektningar eller andre som har stått arvelateren nær. Kongen gir nærmare føresegner om sal og om avkall som nemnt.

Endra med lov 10 juni 1977 nr. 76.

Andre del. Arv etter testament.

Kapittel VIII. Korleis testament skal gjerast.


§ 48. Den som har fylt 18 år kan i testament fastsetje kva som skal gjerast med det han let etter seg når han døyr.

Testament frå nokon som er under 18 år gjeld ikkje utan stadfesting av Kongen. Krav om stadfesting bør setjast fram så snart råd er etter at testamentet er gjort.

Erklæring frå lege om tilstanden til testator bør leggjast ved testament frå nokon som er umyndiggjord eller har fått oppnevnt hjelpeverge etter vergemålsloven § 90 a.

Endra med lov 24 juni 1988 nr. 65.

§ 49. Når ikkje anna er fastsett i dette kapitlet, skal testament gjerast skriftleg med to vitner som testator har godtatt og som er til stades saman og veit at dokumentet skal vere testament. Testator skal, medan dei er til stades, skrive under dokumentet eller vedkjenne seg underskrifta. Vitna skal skrive namna sine på dokumentet medan testator er til stades og etter hans ønske.

Har vitna gitt testamentet påskrift om at reglane i første ledd er følgde, er dette prov nok, når ikkje særlege tilhøve gir grunn til å tvile på innhaldet i påskrifta.

Loven er ikkje til hinder for at fleire personar gjer felles testament. Heller ikkje er loven til hinder for at fleire personar gjer testament til føremon for kvarandre (gjensidig testament).

§ 50. Testamentsvitna bør i påskrift på dokumentet opplyse om testator gjorde testamentet av fri vilje og var ved sans og samling. Påskrifta bør innehalde yrket og adresse til vitna. Testamentet bør også daterast.

§ 51. Hindrar brå og farleg sjukdom eller anna nødstilfelle nokon frå å gjere skriftleg testament etter § 49, kan han gjere testament muntleg for to vitne som er til stades saman og som han har godtatt. Vitna bør straks setje opp testamentet skriftleg og saman gi påskrift om dei tilhøve som hindra at det vart gjort skriftleg testament.

Er det ikkje råd å få tak i testamentsvitne, kan testator gjere testament med eit dokument som han sjølv har skrive og underskrive.

Testament etter første og andre ledd er ikkje lenger gyldig når testator i 3 månader etter at testamentet vart gjort, ikkje har vore hindra i å følgje reglane i § 49.

§ 52. Testamentsvitna skal vere minst 18 år og ikkje sinnssjuke eller i høg grad hemma i sjeleleg utvikling eller i høy grad sjeleleg svekte.

§ 53. Reglane framanfor i dette kapitlet gjeld også for gåve som er meint å skulle oppfyllast etter at givaren er død, og gåve som er gitt på dødsleiet.

§ 54. Jamvel om eit testament ikkje oppfyller formkrava i dette kapitlet, skal det likevel reknast for gyldig når det gjeld form dersom det fyller formkrava i loven

a. på den staden der testamentet vart gjort,
b. i ein stat der testator var statsborgar anten då testamentet vart gjort eller då han døydde, eller
c. på den staden der testator hadde sin bustad anten då testamentet vart gjort eller då han døydde, eller
d. på den staden der testator hadde domisil anten då testamentet vart gjort eller då han døydde, såframt lovgjevinga i denne staten legg ulikt innhald i domisil og bustad, og testator etter den framande lovgjeving det gjeld, vert rekna for å ha domisil der, eller
e. på den stad ein fast eigedom ligg, så langt det gjeld denne eigedomen.

Kapittel IX. Tilbakekalling og endring m.m. av testamentet.


§ 55. Testator kan fritt tilbakekalle eller endre testamentet sitt, når ikkje anna er fastsett i dette kapitlet.

§ 56. Testator kan med arvepakt binde seg til ikkje å gjere, endre eller tilbakekalle testament.

Om korleis arvepakt skal gjerast, gjeld reglane i §§ 48-52. Vil nokon som er umyndig gjere arvepakt, krevst dessutan samtykke frå overformynderiet i den mon arvepakta gjeld midlar som den umyndige ikkje rår over sjølv.

§ 57. Om tilbakekalling og endring av testament gjeld reglane i kapittel VIII. Regelen om stadfesting i § 48 gjeld likevel ikkje når nokon som er under 18 år vil tilbakekalle eit testament.

Når ein testamentarisk disposisjon kan kallast tilbake utan stadfesting, fell disposisjonen dessutan bort når dokumentet er øydelagt eller overstroke så det er truleg at disposisjonen ikkje skal gjelde. Vidare fell ein testamentarisk disposisjon bort når det på grunn av tilhøve som seinare er komne til, er tvillaust at han ikkje skal gjelde.

I tillegg til reglane i første og andre ledd gjeld for gjensidig testament at tilbakekalling eller endring berre er gyldig når den andre testator har fått kunnskap om det før arvelataren døydde, med mindre det var umogeleg eller det etter tilhøva ville vere urimeleg vanskeleg å varsle den andre testator.

§ 58. Har attlevande ektemake tatt over arven etter eit gjensidig testament som fastset noko om fordelinga av arven når båe er døde, kan attlevande ektemake tilbakekalle eller endre det som er fastsett om at arven eller ein del av den skal gå til arvingane til attlevande ektemake etter loven. Men attlevande ektemake kan ikkje tilbakekalle eller endre det som er fastsett om arverett til andre arvingar.

Attlevande ektemake kan likevel tilbakekalle eller endre alt som er fastsett om arv til nokon som er innsett til arving etter særskilt ønske frå den attlevande ektemake, eller som ein må gå ut frå er innsett etter slikt ønske.

§ 59. Reglane i § 54 gjeld tilsvarande for tilbakekalling eller endring av testament. Ei tilbakekalling er dessutan gyldig med omsyn til forma når tilbakekallinga fyller krava i lovgjeving der testamentet var gyldig i samsvar med § 54.

Kapittel X. Om ugyldige testamentariske disposisjoner.


§ 60. Er tvingande reglar i kapitla VIII og IX om korleis testament skal gjerast, kallast tilbake eller endrast ikkje følgde, er disposisjonen ugyldig. Tilsvarande gjeld gåve som nemnt i § 53 dersom tvingande reglar i kapittel VIII om korleis testament skal gjerast ikkje er følgde.

§ 61. Disposisjon i testament til føremon for eit av testamentsvitna er ugyldig. Det same gjeld disposisjon til føremon for ektemaken til eit testamentsvitne, for slektning i rett opp- eller nedstigande linje eller sysken, eller til føremon for ektemaken til ein så nær slektning eller for ein like nær slektning til ektemaken til eit vitne. Adoptivbarn vert rekna for barn til adoptanten, og dei naturlege slektskapstilhøva til barnet skal det berre leggjast vekt på dersom vitnet kjende tilhøvet på testasjonstida.

Disposisjon i testament til føremon for nokon som vitnet er i teneste hos på testasjonstida, er ugyldig. Som teneste vert og rekna funksjon som styremedlem og liknande i selskap, lag, stifting eller offentleg institusjon. Disposisjonen er likevel gyldig når tilknytinga er fjern og truleg ikkje har hatt noko å seie for innhaldet i testamentet.

At nokon er innsett til testamentsfullførar, gjeld jamvel om den innsette eller nokon i hans teneste har vore testamentsvitne.

§ 62. Ein testamentarisk disposisjon er ugyldig når testator var sinnsjuk eller i høg grad hemma i sjeleleg utvikling eller i høg grad sjeleleg svekt då testamentet vart gjort, med mindre det er usannsynleg at sinnsstoda hans har hatt innverknad på innhaldet i disposisjonen.

§ 63. Ein testamentarisk disposisjon er ugyldig når disposisjonen er framkalla ved tvang, svik eller annan misleg påverknad eller ved misbruk av testators lettsinn, veikskap eller avhengige stilling.

§ 64. Ein testamentarisk disposisjon er ugyldig når disposisjonen går ut på bruk eller øydelegging som openbert ikkje har noko fornuftig føremål.

Kapittel XI. Tolking av testament.


§ 65. Testament skal tolkast i samsvar med det testator meinte.

Har feilskrift eller anna mistak gjort at eit testament har fått eit anna innhald enn testator meinte, skal testamentet gjelde slik testator meinte, når dette kan bli klårlagt.

§ 66. Når det ikkje er grunn til å tru at testator meinte noko anna, skal desse reglane gjelde:

  1. Rekk ikkje arven til, skal den som er innsett til arving til ein særskild ting, gå føre den som skal arve ein pengesum.
  2. Døyr ein testamentsarving før testator, eller kan arvingen av andre grunnar ikkje ta imot arven, går livsarvingane hans inn i hans stad, dersom dei kan ha rett til arv etter testator etter loven.
  3. Har nokon sett inn ektemaken sin til testamentsarving, gjeld reglane i § 8 tilsvarande.
  4. Den som er innsett til å arve ein særskild ting, kan ikkje krevje vederlag for hefte som kviler på tingen. Heller ikkje kan han krevje pengar dersom tingen ikkje finst i buet.
  5. Er det meir enn eitt testament etter testator, gjeld alle, med mindre eit yngre testament kallar tilbake eller står i strid med noko som er fastsett før. Rekk ikkje buet til, skal nyare disposisjonar gå føre eldre.


§ 67. Har lengstlevande ektemake tatt over arven etter eit gjensidig testament, og let ingen av ektemakane etter seg livsarvingar, skal følgjande reglar gjelde når det ikkje er grunn til å tru at ektemakane meinte noko anna då dei gjorde testament:

  1. Lengstlevande ektemake rår i levande live som ein eigar over heile formuen, utan hinder av den rett arvingane etter førstavdøde måtte ha. Han kan når som helst gi ein eller fleire av arvingane fullt eller delvis arveoppgjer.
  2. Har testamentet klare føresegner om arverett for arvingane etter førstavdøde, skal på skifte etter at lengstlevande er død halvparten av den samla formuen gå til arvingane etter førstavdøde og den andre halvparten til arvingane etter lengstlevande. Dersom lengstlevande gifter seg att, pliktar han å skifte med arvingane etter førstavdøde. Ellers gjeld reglane i §§ 17 andre og tredje ledd, 18 andre ledd og 26 tredje ledd tilsvarande.
  3. Så langt testamentet ikkje har klare føresegner om arvefordelinga etter at lengstlevande er død, rår han fritt over heile formuen også ved testament. Ligg det ikkje føre slik disposisjon, har arvingane til førstavdøde etter § 2 krav på halvparten av den samla formuen, dersom lengstlevande døyr utan å ha gift seg på ny.
  4. Reglane i §§ 22 og 26 fjerde ledd gjeld tilsvarande for arveretten til arvingane etter førstavdøde.

Kapittel XII. Varetaking og framlegging av testament.


§ 68. Testator kan levere testamentet til varetaking hos tingretten i den rettskrinsen der han bur. I staden for sjølve testamentet kan han levere inn ei stadfest avskrift. Når testator ønskjer det, kan testamentet leverast inn i lukka omslag, og han kan krevje at det skal takast vare på på same måte.

Varetaking som nemnt i første ledd har ikkje noko å seie for om testamentet er gyldig og fører ikkje til at retten skal ha melding dersom testamentet blir kalla tilbake, og heller ikkje til at nytt testament må takast vare på på same måte. Dersom testator endrar eller tilbakekallar testament som er innlevert til varetaking, bør han likevel melde frå til tingretten.

Retten har ikkje ansvar for at eit testament som er levert inn til varetaking, blir lagt fram når testator er død.

Endra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

§ 69. Kan eit testament ikkje finnast når testator er død, skal det likevel gjelde når innhaldet kan klårleggjast, med mindre ein må gå ut frå at testamentet er kalla tilbake eller at det har vore ugyldig.

§ 70. Rett etter eit testament kan berre gjerast gjeldande dersom minst ein av dei som har føremon etter det har varsla tingretten innan 6 månader etter at han fekk kunnskap om innhaldet i testamentet og om at testator er død. Varsel trengst ikkje når tingretten eller minst ein av dei som elles skulle ha den delen av arven det er disponert over, på annan måte har fått kunnskap om testamentet før varslingsfristen er ute for alle rettshavarane.

Motsegn som går ut på at ein testamentarisk disposisjon er ugyldig, kan ikkje gjerast gjeldande av ein arving etter loven eller etter testament, med mindre minst ein av arvingane har varsla tingretten innan 6 månader etter at han fekk kunnskap om disposisjonen og om at testator er død og om grunnlaget for påstanden om at disposisjonen er ugyldig. Retten til å gjøre motsegn mot disposisjonen står likevel ved lag så langt slikt varsel er gitt til kvar einskild av dei som har føremon etter testamentet.

Endra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

Tredje del. Sams reglar om arv etter loven og arv etter testament.

Kapittel XIII. Vilkår for å ta arv og bortfall av arverett.


§ 71. Rett til arv har berre den som lever eller er avla når arvelataren døyr.

Arvelataren kan fråvike reglane i første ledd for arv som han kan disponere fritt over med testament. Ein ufødd person kan likevel berre gis arverett når ein av foreldra hans er fødd eller avla når arvelataren døyr.

§ 72. Er ein arving død utan at ein veit om han overlevde arvelataren, blir han rekna for ikkje å ha overlevd han.

Dersom det seinare blir godtgjort at arvingen overlevde arvelataren, kan arvingane etter den avdøde krevje tilbakesøking etter reglane i lov 23 mars 1961 nr. 1 om bortkomne personar m.v. § 18.

§ 73. Blir nokon dømd til fengselsstraff utan vilkår for straffebrot mot den han skulle arve, og arvelataren døyr på grunn av handlinga, kan arveretten til den skyldige heilt eller delvis falle bort.

Blir nokon dømd til fengselsstraff utan vilkår for straffebrot mot arving etter arvelataren som han sjølv har eller kan få arverett etter, og arvingen døyr på grunn av handlinga, kan arveretten til den skyldige heilt eller delvis falle bort. Det same gjeld når nokon blir dømd til fengselsstraff utan vilkår for straffebrot som er årsak til at eit barn som er avla, ikkje blir født levande, og barnet hadde hatt betre eller like god arverett som gjerningsmannen.

Avgjerd om tap av arverett etter første og andre ledd skal takast i dom, eller - dersom buet blir skift offentlig - i orskurd av retten. Krav om bortfall av arverett kan setjast fram av kvar den som får rett til arv eller større arv dersom kravet blir godtatt. I offentleg straffesak om handlinga kan dessutan påtalemakta setje fram slikt krav, og retten kan av eige tiltak ta avgjerd om bortfall av arverett, jamvel om det ikkje er sett fram krav om det.

Blir nokon fråkjend rett til arv etter reglane framanfor, skal arven gå som om han var død før arven fall.

Reglane i denne paragrafen er ikkje til hinder for at arveretten blir gitt tilbake med testament. Men slikt testament gjeld berre når det er stadfest av Kongen.

Endra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938). Vert endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (i kraft 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88).

§ 74. Ein arving kan avslå arv som er fallen. Avslaget kan gjelde heile arven eller ein del av den.

Er arvingen umyndig, kan avslag berre gis når overformynderiet samtykkjer i det.

Arv som det er gitt avkall på skal gå som om arvingen var død før arven fall. Arving som ikkje har livsarving, kan likevel gi avslag til føremon for ein særskild medarving.

§ 75. Retten til å krevje arv fell bort når arvingen ikkje gjer den gjeldande innan 10 år etter at arvelataren døydde. Forelding blir hindra ved at arvekravet blir meldt til den tingretten som har buet, eller - dersom skifte av buet ikkje tidlegare er avslutta - ved at offentleg skifte blir kravt, eller ved at søksmål blir reist mot dei som elles får arven eller har fått den. Kravet på arv blir heller ikkje forelda dersom dei nemnde arvingane har godkjent arvekravet før fristen er ute.

Krav på arv blir ikkje forelda så lenge dødsbuet til arvelataren står under offentleg skifte. Er buet tatt over av attlevande ektemake etter reglane om uskifte i kapittel III, går foreldingsfristen først frå den tid den attlevande ektemaken døyr. Har attlevande ektemake skift tidlegare, går fristen frå den tid skiftet var slutt. Følgjer det av testamentet til arvelataren at arvingen ikkje kan gjere krav på arv gjeldande på den tid arvelataren døyr, går fristen først frå den tid kravet kunne ha vore gjort gjeldande.

For arving som er fråverande eller bortkomen, gjeld det som er fastsett i særskild lov.

Endra med lov 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938).

Kapittel XIV. Området for norsk og framand arvelov.


§ 76. I avtale med framand stat kan det utan hinder av føresegnene i denne loven fastsetjast reglar om tilhøvet mellom arvelovgjevinga i Noreg og arvelovgjevinga i annan stat.

Fjerde del. Ikraftsetjing. Overgangsføresegner. Endringer i andre lover.

Kapittel XV. Ikraftsetjing og overgangsføresegner.

§ 77. Denne lov tar til å gjelde frå den tid Kongen fastset.1 1 Frå 1 jan 1973, etter res. 23 juni 1972.

§ 78. Barn som er født utanom ekteskap før 1 januar 1917 tar ikkje arv etter faren eller farsslekta. Har faren lyst barnet i kull og kjønn, skal barnet ta arv, men berre halv lott ved sida av barn som faren har i ekteskap.

Faren og farsslekta har ikkje rett til arv etter barn utanom ekteskap når barnet er født før 1 januar 1917.

§ 79. Reglane i eldre lover om rett til arv etter loven og til uskifte og om rettsstoda elles for attlevande ektemake, arvingar og legatarar, gjeld når arvelataren er død før denne loven tok til å gjelde, men likevel slik at reglane i §§ 17-21, 23-25, 27 og 28 skal gjelde også når arvelataren (førstavdøde ektemake) er død før loven tok til å gjelde.

§ 80. (Opphevd med lov 8 april 1981 nr. 7.)

§ 81. Reglane i kapittel IV om pliktdelsarv m.v. gjeld berre når arvelataren er død etter at denne loven tok til å gjelde. Testament som er stadfest etter § 36 eller § 37 i lov 31 juli 1854 om Arv, skal likevel framleis vere gyldig. Det same gjeld testament som er gjort i medhald av § 70 i den tidlegare arveloven før denne loven tok til å gjelde.

§ 82. Reglane i kapittel V om forlottsrett for barn gjeld berre når arvelataren er død etter at denne loven tok til å gjelde.

§ 83. Reglane i kapittel VI om avkorting i arv gjeld og for gåver og anna hjelp som er gitt før denne loven tok til å gjelde, dersom arvelataren døyr etter at loven tok til å gjelde.

Om avkall på arv som er ventande, gjeld reglane på den tid avkallet vart gitt.

§ 84. Reglane i § 47 om sal av fast eigedom og lausøyre som staten får i arv, og om avkall på arv til staten, gjeld også arv som staten har fått før loven tok til å gjelde.

§ 85. Om ein testamentarisk disposisjon er gyldig, skal avgjerast etter loven på den tid då testamentet vart gjort, endra eller kalla tilbake.

§ 86. Reglane i § 67 om kva rett attlevande ektemake og arvingane har etter eit gjensidig testament gjeld når førstavdøde ektemake er død etter at denne loven tok til å gjelde.

§ 87. Reglane i §§ 70 og 75 gjeld berre når arvelataren er død etter at denne loven tok til å gjelde.

Rett til arv etter nokon som er død før denne loven tok til å gjelde, blir forelda etter eldre lovgjeving. Retten er likevel tapt dersom den ikkje er gjort gjeldande innan 10 år etter at denne loven tok til å gjelde. Om tilhøve som hindrar slik forelding gjeld reglane i § 75.

§ 88. Reglane i § 73 gjeld berre når straffebrotet er gjort etter at denne loven tok til å gjelde.

Reglane i lov 31 juli 1854 om Arv §§ 69 og 72, jfr. § 71 skal gjelde etter at denne loven tok til å gjelde, når dei tilhøve som paragrafen nemner, er frå tida før loven tok til å gjelde.

Kapittel XVI. Endringer i andre lover.


§ 89. Frå den tid loven blir sett i kraft, held lov av 31 juli 1854 om Arv og lov av 4 juli 1927 nr. 4 om uskift bu opp å gjelde.

§ 90. Frå den tid loven blir sett i kraft, blir det desse endringane i andre lover: - - -